LENKER TIL ▬► : ROCKENS MESTRE
Ei sida for deg som likar rock i alle fargar og fasongar! Som likar å kommunisere god rock med andre likesinna, og som lar andre få lytta med på nett den rocken du meiner me berre må høyra. Mer om sonen
Rocksona, Husnes er en sone på Origo. Les mer Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (tirsdag 3. februar 2009). Les mer om roperten…
I forbindelse med kulturfestivalen i år vert det arrangert tre konsertar på Capri
med
Kobayashi – HardAnger Society – War Pigs
HardAnger Society er eit relativt ferskt metalband frå Odda. Dei fire karane kom på 2.plass under fjorårets Ungdomsrock, og har dermed lagt seg godt til rette i toppsjikte trass deira unge alder, 17 – 19 år. Dei har også kome til finalen på Eggstockfestivalen i Bergen og hausta gode kritikkar etter opptreden på Velure Rock.
Imaget deira har blitt til etter å ha vakse opp blant industri, fabrikkrøyk og tungmetaller, noko som kjem til uttrykk gjennom det dei beskriv som tung og kraftig musikk frå eit enkelt lydbilete.
Bandet består av Vegard Paulsen på gitar, Kim Christer Hylland på trommer, Rikard Backer-Owe på vokal og Ruben Aksnes på bass.
Kobayashi byrjar å gjera seg kjend med kvinnheradpublikummet etterkvart, og det med grunn. Dei har vist – gong på gong, at dei har noko å gjera på scena. Publikumskontakten er til å ta på, og ein får servert alt frå sveitte headbangs og tunge riff. Kobayashi er eit liveband med både stort potensiale og mørke visjonar, og har allereie fleire interessante saker på plakaten for herrens år 2009.
Med influensar frå mellom andre Led Zeppelin, Clutch, Motorpsycho og Queens of the Stoneage, spelar dei eigeprodusert stonerrock som får publikum til å hyla etter meir.
Karane bak instrumenta er: Even Jacobsen – trommer, Ben Nerdal – bass, Rune Jacobsen – gitar og Geir Mæhle på vokal.
War Pigs er kveldens desidert mest eksklusive. Skjønt det er Black Sabbath cover, lovar gutta bak prosjektet at sounden kjem til å vera minst like god som det originale Black Sabbath presterte sine første år.
Coverbandet er eit av Gunnar Emmerhoff sine prosjekt, men då gjengen helst satsar på eige materiale er det blitt tradisjon for dei å halda ein konsert i året. Det skjer på Garage i Bergen til fulle hus og max stemning. I år passa det likevel for alle å leggja ein konsert utanom tradisjonen, og komma til Husnes.
- Me starta opp allereie i -96, då eg og Noralf byrja å snakka saman om gammal Sabbath musikk, frå då Ozzy var vokalist, frå den første ekte besettinga. Den energien bandet hadde i -70 og -71, det var den energien me ville få fram, seier Emmerhoff over telefon før rockeklubbens eksklusive konsert.
- Det er ikkje so vanskeleg å spela sabbathlåtar bra, men bandet har jobba mykje med å få sounden lik det første av Black Sabbath. Me har brukt energi på små detaljar, og eg lovar at det ikkje låter ulikt! fortel vokalisten overtydande vidare.
War Pigs ser fram til å spela på Husnes under kulturfestivalen, og då eg fortel at folket gler seg også, vert gleda større. – Alle som har ei Sabbathplate i samlinga si må komma på konserten, oppfordrar Emmerhoff, og legg til at han håpar kvinnheringane kjenner si besøkingstid.
War Pigs består av Gunnar Emmerhoff på vokal, Einride Torvik på bass, Iver Sandøy bak slagverket og Noralf Reichborn på gitar.
Stad: Capri, Husnes
CC:180.- (160.- for medlemmar av Rockeklubben Husnes)