LENKER TIL ▬► : ROCKENS MESTRE

Rocksona, Husnes

Ei sida for deg som likar rock i alle fargar og fasongar! Som likar å kommunisere god rock med andre likesinna, og som lar andre få lytta med på nett den rocken du meiner me berre høyra.

Sonen følges av 29 medlemmer.

Origo Rocksona, Husnes er en sone på Origo.
Si det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (lørdag 6. februar) Les mer…

Gram Per Person & Tuco's Lounge, 12.02

I år har me lagt vårt på det knusktørre, og serverer skitten country og rusten prærierock til Kvinnherad Kulturfestival. Våre lokale heltar Gunnar Emmerhoff og Bjørn Sturle Hillestad drar lasset.

Det vert i år eit smakfullt gjenhøyr med Gram Per Person og Tuco’s Lounge, der førstnemnde sist spela i kommunen under kulturfestivalen i 2008 – då til eit fullsett dansegolv på Vift. Gram Per Person er sjølve linken mellom rock og country, og pakkar lefsene sine inn i sweet americana.

Sjekk dei ut her!…..: Gram Per Person

Tuco’s Lounge spelte sist i kommunen under Festidalen 2006, og i regi av Rockeklubben 2005. Dei har eit leikent edgy saloonpreg på musikken, som stundom kan gi parallellar til Madrugada (rip) og, eller Nick Cave. Dei lovar eit energisk sceneshow, som alltid.

Sjekk ut Tuco’s her!…..: Tuco’s Lounge

Både Gram Per Person og Tuco’s Lounge har sin base i musikkhovudstaden, Bergen. Vel møtt!

CC:200,-
Dørene opnar 22.00
Stad: Capri

Kommentarer

Var innom og hørte litt på Tuco’s Lounge og Gram Per Person . Her må det jo bare bli kø når dørene åpnes på fredagskvelden.

Ja, begge banda har spela for fulle hus på Husnes tidlegare, og då med rette – sjølvsagt :-D
Dei er så bra at dei fortener litt kø!

Annonse