LENKER TIL ▬► : ROCKENS MESTRE
Ei sida for deg som likar rock i alle fargar og fasongar! Som likar å kommunisere god rock med andre likesinna, og som lar andre få lytta med på nett den rocken du meiner me berre må høyra. Mer om sonen
Rocksona, Husnes er en sone på Origo. Les mer Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (tirsdag 2. mars 2010). Les mer om roperten…
Rockeklubben HUSNES er klare for å feira Saint Patric’s Day. Me skapar vår eigen irske feiring på Capri, fredag 19.mars.
I mellom anna USA, Storbritannia og Irland er det tradisjon å kle seg i grønt denne dagen (jaja, 17.mars er den ekte datoen – me tar det den 19.). Ved feiringa møtes irar rundt om i heile verda for å feira skytshelgenen deira, og festar med øl og musikk. Det tykkjer me er god tradisjon, og slår eit slag for den irske nasjonaldagen.
Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga denne kvelden. Gruppa består av erfarne og dyktige musikarar; Magne Røstbø i front på vokal og gitar, Frode kaldestad stiller med trekkspel, fløyte og tangentar, Jan Arthur Kalsaas på slagverk, John Larsen på bass og Egil Vaage stiller med fele og mandola.
Gjengen hentar inspirasjon frå den irske folkemusikken og Dubliners, men drar også i gong anna rootsmusikk. Det er duka for ei heilafta på Capri. Ta del i folkefesten du og!
Alder: 20år